Brekkvakt

Brekkvakt

Brekkvakt

fiskar på sjø - fiskar i land

Salt, Tonny

I denne boka møter vi ein gjeng linefiskarar om bord i ein gjennomsnitts linebåt av førre generasjon. Boka skildrar livet og levemåten deira på godt og vondt.
Etter å ha reist ein del år både på forskjellige båtar, både som fiskar og som stuert, innsåg eg at dette faktisk er ein del av kulturarven vår som er i ferd med å gå tapt. Trålarar finns det sjølvsagt framleis, og dei kjem nok også til å overleve stadig strengare krav til auka inntening. Det same gjer nok kystflåten med sine sjarkar og småbåtar. Det som kjem til å forsvinne er utan tvil banklineflåten slik den har sett ut til no. Det som kjem til å overta er stadig større båtar som er bygde for framtida og dei krav både til inntening og arbeidstidsreguleringar som blir lagt til grunn. Eg har valt å ta tak i dagleglivet om bord i ein gjennomsnitts linebåt av førre generasjon. Ein av dei aller siste i sitt slag. Eg har prøvd å skildre korleis denne for enkelte kanskje framande og eksotiske(?) levemåten sette sitt preg på både fiskarane og dei i kretsane rundt. Linefiskarane har tradisjon for å bli sett på som menn blant menn. På godt og vondt. Skikkelsane eg har skildra er reelle nok. Enkelte gonger har eg valt låne historier frå andre personar som eg har tileigna skikkelsane om bord. Det gjer at nokre av skikkelsane er blitt tileigna historier som andre reint faktisk har hatt ansvaret for. Dette er gjort for å avgrense persongalleriet og for å gje skikkelsne litt meir kjøt å beina. Somme vil truleg skakke tvilande på hovudet og hevde at dette må vere fantasi, slik vill-vest-kultur kan det ikkje ha vore. Til det er berre å seie at alle historiene er sanne, men dei er tilpasa eit avgrensa persongalleri. Med det i mente vil nok enkelte hevde at det er sannelig ikkje noko stort tap om denne yrkesgruppa minkar og endå til forsvinn. Fisk kan dei alltids få tak i dei som vil. Ja, kanskje det, men like fullt er det eit stykke kystkultur som kjem til å døy ut med den klassiske linefiskaren. Håpet mitt har vore etter fattig evne å kome med eit innspel for at den prosessen ikkje skal gå fullt så fort. Om eg ikkje lukkast med det kan eg kanskje håpe eg har klart å skrive ei brukbar tidtrøyte, om ikkje anna.
Forlag: Commentum
ISBN: 9788292309940
Utgitt: 2008
Utgave: 1
Innbinding: Innbundet
Sider: 160
Språk: Dialekt
Vekt: 326
Leveringstid: 2-5 dager
Vår pris: 149,-
 

Salg - Gjør et kupp!

Store medisinske leksikon. Bd. 1-5

Store medisinske leksikon. Bd. 1-5

Nylenna, Magne (Redaktør)

Kunnskapsforl. | Innbundet | 2006 | Bokmål | 9788257315009 |
Leveringstid: 2-5 dager
Veil. pris: 4990,-
Vår pris: 499,-

Se hele salgssiden

Ord.no anbefaler

Superstudent

Superstudent

hvordan lære mer effektivt og få bedre karakterer med studieteknikk

Schewe, Olav
Aguirre, Ardie (Illustratør)

Universitetsforl. | Innbundet | 2014 | Bokmål | Sider: 202 | 9788215024141 |
Leveringstid: 2-5 dager
Veil. pris: 269,-
Vår pris: 213,-
Praktisk psykiatri

Praktisk psykiatri

Dahl, Alv A. (Redaktør)
Aarre, Trond F. (Redaktør)

Fagbokforl. | Innbundet | 2012 | Bokmål | Sider: 698 | 9788245011722 |
Leveringstid: 2-5 dager
Veil. pris: 799,-
Vår pris: 719,-
Depresjonens demoner

Depresjonens demoner

Solomon, Andrew
Grinde, Heidi (Oversetter)

Forlaget Press | Heftet | 2014 | Bokmål | Sider: 600 | 9788275476607 |
Leveringstid: 2-5 dager
Veil. pris: 199,-
Vår pris: 174,-